Vi arbeider hardt med å planlegge for The North West 2021. Vårt mål er å skape ein arena som er relevant, nyttig og lærerik for alle som deltek!
Næringslivet, offentleg sektor, akademia og innbyggjarane har alle ein viktig rolle for å skape gode og berekraftige regionar for framtida.
Programkomiteen vil gjerne ha dine innspel, slik at vi får gode, relevante og konstruktive arrangement og møteplassar!
KLIKK HER FOR Å FÅ MEIR INFORMASJON OG DELE DINE INNSPEL
I webinaret adresserer vi korleis aukande digitalisering kan føre til at ein ikkje får ta del i samfunnet på lik linje med andre.
Dette kan gjelde både born, eldre, minoritetar, i arbeidslivet og elles der det er mangel på opplæring eller tilgang til digitale verktøy.
Sjå webinaret under:
Vi skal ta dykk med på reisa frå då kommunane Ålesund, Sula og Giske gjekk inn i FN-prosjektet U4SSC-IP som dei fyrste i Noreg, til Møre og Romsdal som berekraftsfylket nr. 1 i Noreg. Vi skal snakke om korleis det blir arbeidd med å få alle med på laget i berekraftsarbeidet og vise korleis organisajonar, næringsliv og offentleg sektor går frå ord til handling gjennom konkrete prosjekt som skal gjere oss meir berekraftige.
Gjennom arbeid nasjonalt og internasjonalt i ulike partnarskap og i samarbeid med FN, gjer vi kartlegging om til handling, politikk og næring.
Sjå webinaret under: