Alternate Text

Berekraftsfylket Møre og Romsdal - leave no one behind

The North West, United Future Lab Norway og Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer den 19.11.20. klokka 1000-1130 til nettmøte etter den nasjonale berekraftskonferansen!

11. november held regjeringa Den nasjonale berekraftskonferansen - Vegen mot 2030. Målet med konferanen er å mobilisere heile landet til ein felles innsats for å nå berekraftsmåla innan 2030. 

I etterkant av konferansen skal det vere fleire temabaserte arrangement for å følgje opp den nasjonale konferansen. Vi, saman med United Future Lab Norway og Møre og Romsdal fylkeskommune er invitert til å arrangere ein av desse. 

Vi skal ta dykk med på reisa frå då kommunane Ålesund, Sula og Giske gjekk inn i FN-prosjektet U4SSC-IP som dei fyrste i Noreg, til Møre og Romsdal som berekraftsfylket nr. 1 i Noreg. Vi skal snakke om korleis det blir arbeidd med å få alle med på laget i berekraftsarbeidet og vise korleis organisajonar, næringsliv og offentleg sektor går frå ord til handling gjennom konkrete prosjekt som skal gjere oss meir berekraftige.

Gjennom arbeid nasjonalt og internasjonalt i ulike partnarskap og i samarbeid med FN, gjer vi kartlegging om til handling, politikk og næring. 

PÅMELDING VED Å KLIKKE HER

Program (19.11.20. 1000-1130):

  • - Kva er U4SSC-IP v/Kari Aina Eik, generalsekretær i OiER
  • - Historia bak berekraftsfylket v/Bente Vikhagen, assisterande kommunedirektør Ålesund kommune
  • - Fylkesmannen si rolle, v/Rigmor Brøste, fylkesmann i Møre og Romsdal
  • - Korleis arbeider mindre kommunar? Monica Cecilie Torp, kommunalsjef i Ulstein
  • - Metodikk og analyse v/Ole Helge Haugen, seksjonsleiar for berekraftig samfunnsutvikling i Møre og Romsdal fylkeskommune
  • - Implementering og politikk v /Eva Vinje Aurdal, ordførar i Ålesund
  • - Arenaen for berekraftig regionutvikling v/Gjermund Kvernmo Langset, dagleg leiar i The North West
  • - Frå ord til handling v/Marielle F. Mannseth, dagleg leiar for United Future Lab Norway
  • - Berekraft og business v/Kjell Larsen, berekraftsdirektør i Pipelife og Irene Vik, dagleg leiar TAFJORD Kraftvarme.
  • - Jakta på berekraftsmetoden v/Stine Lise Hattestad
  • - Avslutning v/Gjermund Kvernmo Langset, dagleg leiar The North West

PÅMELDING VED Å KLIKKE HER


Den nasjonale berekraftskonferansen går av stabelen 11.11.20. Meir informasjon finn du VED Å KLIKKE HER

KMD_konferanseLogo_2020-utenDatoOgKmdLogo.jpg


Main partners:
Partners:
Sponsors:
Supporters:
Co-organizers:
Owners: